Fiolin-wonderboy byr på jazzmatiné i speglsalen

Foto:

FLORØ: Søndag kjem hardingfelewonderboy Erlend Apneseth til Florø.

DEL

Komponist og felespelar Erlend Apneseth frå Jølster er ein av Norges mest anerkjente hardingfelespelarar. I januar vart han kåra til årets artist under Lutt-prisen for Sogn og Fjordane.
I haust turnerte han Europa rundt, han har gitt ut seks album, og er kritikarrost internasjonalt. Det sistealbumet, Fragmentarium, er musikken han no kjem til Florø med. Plata har fått gode kritikkar, mellom anna fekk den terningkast seks og vart vekas album på Audiophile.no.

Apneseth miksar samtidsmusikk, folkemusikk og jazz, og søndag kjem han til Flora samfunnshus og speglsalen. Han har med seg Stein Urheim på gitar, Anja Lauvdal på piano, Ida Løvli Hidle på akkordeon, Fredrik Luhr Dietrichson på kontrabass og Hans Hulbækmo på slagverk.

Fragmentarium var eit tingingsverk til Kongsbergjazz, og er no blitt ein turné i «Den Musikalske Stamvegen».
– Hardingfelewonderboy Apneseth løftar folkemusikk til eit nytt nivå med ei passe blanding av respekt og lausriving frå tradisjonane. Bandleiaren er ein av landets fremste unge felespelarar, opptrer i A-klassen under Landskappleiken, har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester og har etterkvart mottatt nok prisar til å gjera støvtørking på ei peishylla ei komplisert affære. Han står med begge beina i norsk tradisjonsmusikk, og – med klangane frå hardingfele og folkemusikken – skaper han dei vakraste tonane, står det å lese i presseskrivet.

Den Musikalske Stamvegen er Vestnorsk Jazzsenter sitt turnèprogram. Sidan starten i 2008 er det produsert meir enn 300 konsertar fordelt på 50 ulike scenar i regionen. Om lag 150 profesjonelle utøvarar – hovudsakleg frå vestlandet – har medverka.

Artikkeltags