Du rakk ikkje å reise til Paris i helga heller? Sjølv om du ikkje får sitte på kafé, nyte vårsol og kanskje høyre smektande toner frå ein fransk trekkspelar, så kan du i alle fall kjenne litt på kjensla om du tek turen til Florø kulturhus søndag ettermiddag.

Fint Fransk Orkester er det næraste du kjem Montmartre i Paris utan å forlate Norge. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar.

Musikken til FFO er i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop.