Gå til sidens hovedinnhold

FHI: Sterk auke i RS-tilfelle fører til pressa barneavdelingar

I oktober var det ein sterk auke i talet på positive RS-virusprøver i delar av landet. Fleire barneavdelingar melder om sterkt pressa avdelingar.

– Den kjem uvanleg tidleg. Og det er ein stor auke i talet på tilfelle på kort tid, seier overlege Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB om årets sesong med RS-virus.

I oktober var det ein sterk auke i talet på positive RS-virusprøver i delar av landet. Fleire barneavdelingar melder om mange innlagde barn og sterkt pressa avdelingar.

Talet på positive prøver for RS-virus har meir enn dobla seg på to veker, frå 8 prosent i veke 40 til 17 prosent (1.199 påvisingar) i veke 42.

Flest positive prøver i aldersgruppa 0–4 år (771 positive testar i veke 42).

Mistenkte at dette ville skje

– Det er vanlegvis veldig lite RS på denne tida av året, det pleier å komme mellom november og mars. Og no såg vi stigninga frå slutten av september, seier Greve-Isdahl.

Ho fortel at dei mistenkte at dette ville skje, og skreiv det derfor i ei risikovurdering i juli, fordi andre land har rapportert om det same.

Auken kjem truleg av at det har vore færre luftvegsinfeksjonar under koronarestriksjonane, inkludert RS-virusinfeksjonar, og at det derfor no er mindre immunitet enn normalt i befolkninga og særleg blant små barn.

Startar som ei RS-forkjøling

RS-virus gir hos dei fleste forkjølingssymptom med hoste, tett og/eller rennande nase og eventuelt feber.

Hos nokre spedbarn og småbarn, særleg dei under to år, kan likevel det som startar som ei RS-forkjøling, etter nokre dagar trekkje ned i lungene og gi bronkiolitt.

Bronkiolitt er ein lungebetennelse som kan gi astmasymptom med veldig anstrengt og rask pust.

– Det gjer at dei blir slitne av det pustearbeidet og det aukar jo meir mindre ein er. Det er aller verst for dei aller minste barna, og er ein infeksjon som krev at dei må på sjukehus for å få hjelp og behandling, seier overlegen.

Råd til foreldre

FHI la på nettsidene sine ut råd til foreldre for å redusere risiko for smitte av RS-viruset:

  • Hald barn med nye symptom på luftvegsinfeksjon heime frå barnehage, òg når koronatesten er negativ.
  • Småbarnsfamiliar bør unngå besøk av vaksne og barn som har luftvegssymptom.
  • I familiar med nyfødde og spedbarn, bør besøk avgrensast.
  • Storesøsken må vaske hender når dei kjem heim frå barnehagen, før dei helser på spedbarn i familien.
  • Dersom storesøsken blir sjuke, bør foreldre passe på at dei ikkje er tett på spedbarnet, sjølv om det kan vere vanskeleg i praksis. Dette er særleg viktig i dei første dagane av ein luftvegsinfeksjon.

– Oppsøk lege

– Foreldre som er bekymra for barnet sitt, må oppsøkje lege. Generelt bør terskelen for å kontakte lege vere lågare jo yngre barnet er, seier Greve-Isdahl.

Ho oppmodar foreldre til å kontakte lege ved bekymring for sitt sjuke barn, til dømes på grunn av slappheit, feber, anstrengt pust, tungpust, eller når barnet ikkje et.

Hos barn som blir amma, kan ein merke at barnet et lite ved at det har tørre bleier og/eller mor får mjølkespreng.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken