Smittetala kan no vere tilbake på omtrent same nivå som då toppen vart nådd i haust.

Dei endelege tala kjem ikkje før onsdag. Men slik det ligg an no, kan inneverande veke få smittetal som er omtrent på same nivå som då bølgja i haust var på sitt høgaste i november.

Det viser førebelse utrekningar som vart lagt fram av Folkehelseinstituttet (FHI) laurdag.

– No er vi kanskje tilbake på det nivået vi var på då det snudde i november. Då er faren stor for at det går høgare enn det nivået, seier direktør Camilla Stoltenberg til NTB.

Høgare smittetal

Smittetalet R har ifølgje FHIs utrekningar stige til 1,3. Det betyr at 100 smitta personar i snitt vil smitte 130 nye.

R vart tidlegare i desember berekna til 1,1. Talet må liggje under 1,0 for at den totale smitten i samfunnet skal gå nedover.

Stoltenberg viser til at det no har vore oppgang i smittetala i minst tre veker. Det skjer etter at det i november vart innført ei rekkje nye tiltak for å slå ned smittebølgje nummer to. Dei nye tiltaka førte då til utflating og nedgang etter ein periode med relativt rask auke i smitten i slutten av oktober og byrjinga av november.

Det høge talet smitta i inneverande veke kjem trass i redusert omfang av testing rundt jul og nyttår. Samtidig har delen positive testar auka, påpeikar Stoltenberg.

Fryktar ny smittebølgje

FHI-sjefen er djupt bekymra for utviklinga. Frykta er at smittespreiinga blir forsterka når kvardagen startar igjen neste veke.

– Det kan vere at vi vil sjå ein nedgang etter jul fordi vi får mindre av den typen sosial omgang som vi har i jula. Men det vi fryktar, er ei utvikling som vi har sett i mange land rundt oss, seier Stoltenberg til NTB.

Ho viser til at fleire andre land har fått ein ny auke i smitten som har overgått den første bølgja i haust.

– Då har det vorte så mykje at det på mange måtar har komme ut av kontroll, og dei har sett i verk veldig sterke tiltak.

em class="italic"– Og du fryktar då at det kan bli nødvendig i Noreg òg?/em

– Ja, det gjer eg.

Auka kontakt i jula

Dei førre vekene har smitten auka med 6–7 prosent per veke.

FHIs ekspertar meiner fleire forhold kan liggje bak utviklinga. Den sosiale kontakten har auka gjennom jula – både i form av julehandel og i form av treff med familie og venner og kjende. Samtidig har reisinga auka, både internt i Noreg og inn og ut av landet.

I tillegg følgjer FHI nøye med på nye mutasjonar av koronaviruset som ser ut til å vere meir smittsame. Men det er for tidleg å seie kor mykje virusmutasjonar kan forklare av smitteutviklinga i Noreg.

(©NPK)