Den nye koronavarianten som er påvist i Sverige, er truleg også i omløp i Noreg. Varianten er svært endra frå tidlegare variantar.

Den nye varianten BA. 2.86 har vorte oppdaga i Sverige, og det skal vere stor geografisk spreiing.

– Varianten er enno ikkje påvist i kliniske prøver i Noreg, men det er sannsynleg at han er i omløp, men på eit lågt nivå, allereie og berre ikkje plukka opp enno. Vi held fram med å undersøkje spesielt for denne varianten og får nye resultat nesten kvar dag. Vi vil komme med ei oppdatering dersom vi skulle påvise varianten, opplyser seksjonsleiar Karoline Bragstad i Folkehelseinstituttet til NTB.

Ho påpeikar at varianten er svært endra frå tidlegare variantar vi har i Noreg, men at det er nokre likskapstrekk.

– Det er derfor venta at vi er meir verna no mot alvorleg sjukdom og død enn vi var i starten av pandemien nesten uansett variant. Kva betydning denne varianten kan ha, er det for tidleg å spekulere om. Vi er spesielt på vakt for om varianten kan spreie seg like hurtig eller hurtigare enn noverande variantar, seier Bragstad.

(©NPK)