I ei ny risikovurdering åtvarar Folkehelseinstituttet om at nye variantar av koronaviruset, mellom dei det muterte viruset frå England, vil spreie seg i Noreg.

– Vi reknar det som sannsynleg at varianten frå England er meir smittsam, og at han før eller seinare vil spreie seg i Noreg, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI i ei pressemelding måndag.

I desember har styresmaktene i Storbritannia og Sør-Afrika varsla om variantar av koronaviruset som skal spreie seg lettare, og har forårsaka oppblussing av epidemien.

Søndag vart det påvist to tilfelle av den britiske virusvarianten i Noreg, i Kinn kommune og i Oslo kommune.

I risikovurderinga skriv Folkehelseinstituttet at nye mutasjonar og meir smittsame variantar av koronaviruset vil komme, men at tilrådinga til regjeringa ligg fast:

– Rådet vårt er at mål og prinsipp for strategien til regjeringa bør liggje fast: Epidemien skal haldast under kontroll slik at kapasiteten til helsetenesta ikkje blir overbelasta. Viss og når desse meir smittsame variantane får større utbreiing i landet, vil det krevje meir å halde dei under kontroll, seier Vold.

FHI følgjer nøye med på endringar i viruset og seier dei kan få betydning for kor smittsamt viruset er, effekten av vaksinane og evna testane har til å oppdage viruset.

– Sannsynet for at det oppstår variantar der vi får redusert vaksineeffekt er vanskeleg å vurdere no, men konsekvensane vil potensielt kunne vere store fordi det vil setje oss tilbake tidsmessig. Den nye teknologien for vaksinar gjer at vi potensielt kan endre vaksinane og målrette dei mot nye variantar, men det vil ta noko tid å gjere desse endringane og vil derfor gi forseinkingar sjølv om vi ikkje vil bli sette heilt tilbake til utgangspunktet igjen, forklarer Line Vold.

(©NPK)