Det seier avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold til NRK.

– No reknar vi med at vi oppdagar rundt 40 prosent av smittetilfella vi har i samfunnet, medan i mars oppdaga vi kanskje 10 prosent, seier Vold.

Ifølgje Vold er tala frå mars ikkje direkte samanliknbare fordi ein på det tidspunktet ikkje testa like mange.

Ho seier òg at helsestyresmaktene reknar med at det vil komme fleire sjukehusinnleggingar og dødsfall i vekene framover på grunn av den auka smittetrenden i samfunnet.

(©NPK)