Folkehelseinstituttet ser hovudlus som eit tilbakevendande problem. No blir føresette og foreldre inviterte til å sjekke seg samtidig.
– Viss alle sjekkar seg denne helga slik at dei med lus kan behandlast på omtrent same tidspunkt, vil det redusere talet på hovudlustilfelle, seier forskar Bjørn Arne Rukke i avdeling for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.
Helga 11.–12. mars ber FHI om at alle foreldre og føresette sjekkar husstanden for hovudlus.
Anslagsvis blir 1–2 prosent av alle barneskulebarn ramma av lus. Det gjeld heile tida. FHI beskriv lusa som eit tilbakevendande problem i både skular og barnehagar.
For å sjekke om ein er smitta, tilrår FHI at ein til dømes greier håret med lusekam, greier det heile vegen frå hovudbotnen til hårspissane og greier håret medan det er vått.
– Barn med hovudlus treng ikkje å haldast heime frå barnehage og skule, men ein bør prøve å få behandla dei så raskt som mogleg, skriv FHI.
(©NPK)