Gå til sidens hovedinnhold

FHI: Gjenopninga har gått bra

For andre veke på rad etter gjenopninga fall både innleggingsstallane og smittetala, viser FHIs vekerapport.

– Opninga av samfunnet har gått bra. Det har verken vore auke i melde koronatilfelle eller sjukehusinnleggingar som følgje av gjenopninga, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI til Dagbladet.

Totalt vart det lagt inn 52 nye pasientar på sjukehus med covid-19 som hovudårsak i veke 39, etter 62 veka før og 77 i veke 37.

Samtidig held òg nedgangen i smitte fram sjølv om samfunnet har opna opp igjen. Førre veke var den fjerde på rad med nedgang i smitten etter toppen i veke 35.

– Det er førebels meldt 3.471 tilfelle av covid-19 i veke 39, 25 prosent nedgang sidan veke 38 (4.612). Dette utgjer no 150 tilfelle per 100.000 innbyggjarar for veke 38 og 39 samla, skriv FHI.

Framleis mest blant unge

Tendensen i kven som blir smitta, er den same som før: Framleis er det barn mellom 6 og 19 år som oftast blir smitta, men det er òg i denne gruppa det er størst nedgang.

Hovudstaden Oslo er framleis staden som har høgast smitte. Totalt vart det meldt 365 nye koronatilfelle per 100.000 innbyggjarar for veke 38 og 39 samla.

Matematisk modellering viser at trenden har vore fallande med eit gjennomsnittleg R-tal på 0,78 frå 1. september.

Med den meir usikre modellen som ikkje tek omsyn til sjukehusinnleggingar, anslår FHI at R-talet låg på 0,9 førre veke.

Trur trenden held fram

FHI spår at den nedgåande smittetrenden vil halde fram i næraste framtid.

– Vi går ut frå at epidemien dei næraste vekene vil bli litt mindre og føre til færre nye innleggingar, skriv FHI.

Dei seier det er meir uvisse gjennom resten av hausten og vinteren, og understrekar at kommunane må halde fram vaksinasjonen med full styrke.

Vald seier helsestyresmaktene no ser korona-utviklinga meir i samanheng med andre typar luftvegssjukdommar.

– No følgjer vi med på luftvegsinfeksjonar i befolkninga, både influensa og RS-virus og også sjølvsagt covid-19. Vi ser på det samla biletet. Det blir viktig framover, innleggingar samla for alle dei ulike sjukdommane, seier ho til Dagbladet.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken