FHI: Foreldre må kunne vere heime med sjuke barn i fleire dagar

I dag er det slik at foreldre normalt har moglegheit til å vere hjemme med sjuke barn ti dagar i året. Folkehelseinstiuttet meiner no at dette tallet må aukast opp.

DEL

NETTAVISEN: Årsaken er at skular og barnehagar har langt lågare terskel for å utestenge barn.

- Det bør vurderast å utvide talet omsorgsdagar for foreldre slik at dei faktisk kan vere heime med sjuke barn no som barnehagar og skular vil ha lågare terskel for å utestenge barn, skriv FHI i sin siste ririskorapport.

Dei meiner også at fråversgrensa på vidaregående skule må tilpassast, slik at elevar med milde symptom held seg heime.

Arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier til Nettavisen at dette er noko ein vil følge med på:

- Regjeringa sørga i vår for at foreldre som måtte vere heime med barna sine under nedstenginga fekk høve til å bruke eit utvida tal omsorgsdagar. Rett før sommaren nullstilte vi kvotene med omsorgsdagar for alle, slik at foreldre i perioden 1. juli – 31. desember har ei full heilårskvote til disposisjon, seier Isaksen.

- Dette gjorde vi nettopp fordi vi ser at smittesituasjonen framover er utfordrande, og fordi det då er fornuftig å ta høgde for at behovet for fråver vil kunne vere høgare enn i eit normalår. Regjeringa følger for øvrig nøye med på situasjonen og vurderer behovet for tiltak fortløpande, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken