FHI endrar vaskeråda for barn etter at mange får hudproblem

Illustrasjonsbilder, barnehage.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Illustrasjonsbilder, barnehage. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Av

Legar har slått alarm om at barn no vaskar hendene så ofte at dei blir såre og utsette for infeksjonar. No endrar Folkehelseinstituttet vaskeråda.

DEL

FHI endrar råda etter at Norsk forening for allmennmedisin og Psoriasis- og eksemforbundet har teke problemet med såre barnehender, skriv Aftenposten.

Mange fastlegar får no bilete av hender med sår på knokane, ifølgje leiar i Norsk forening for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen.

– I verste fall kan vi risikere ei blomstring av handeksem blant barn under pandemitida. Handeksem er ikkje berre smertefullt, det aukar òg infeksjonsfaren for barnet, seier generalsekretær Mari Øvergaard som har teke opp saka med FHI.

Dei nye råda er slik:

* Handdesinfeksjon kan erstatte handvask når hendene ikkje er synleg skitne. Handdesinfeksjon er ofte meir skånsamt for huda enn såpe. I tillegg går det fortare å gjennomføre.

* Handvask med lunka vatn og såpe bør gjennomførast når elevane kjem til skulen, etter friminutt, når hendene er synleg skitne og alltid etter toalettbesøk.

*Det er ikkje nødvendig med både handvask og handdesinfeksjon samtidig. Ein av delane held.

Ifølgje råda som gjaldt fram til 15. mai skulle borna alltid vaske hendene før ein drog heimanfrå, når ein kom til skule/SFO, etter hosting og nysing, etter toalettbesøk, før og etter måltid og etter at ein kjem inn frå uteaktivitet, og dessutan ved synleg skitne hender.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken