FHI ber folk registrere koronasymptom

Av
DEL

Personar som mistenker at dei er smitta med koronavirus, kan sjølv registrere symptoma i et skjema på nettet, opplyser Folkehelseinstituttet.

– Dette er eitt av fleire tiltak for å få oversikt over smitte i Norge, opplyser Folkehelseinstituttet, som saman med Norsk Helsenett står for sjølvrapporteringstenesta.

Ein får ikkje kontakt med helsepersonell gjennom tenesta, men bidrar til å kartlegge kor mange i Norge som kan vere sjuke med koronavirus.

– Vi set stor pris på at alle som har symptom som kan vere koronavirus som hoste, pusteproblem eller feber melder frå om dette, seier overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet.

(©NTB)

Artikkeltags