Eit mutert koronavirus har begynt å spreie seg blant mink i Danmark, noko som har ført til at all mink i landet må avlivast.

I samband med dette fekk norske helsestyresmakter denne helga i hasteoppdrag å vurdere tiltak rundt innreise frå Danmark, skriv VG.

I Storbritannia har dei stengt grensene for reisande frå Danmark som følge av mink-utbrotet, eit innreiseforbod som trådde i kraft umiddelbart laurdag. Norske helsestyresmakter har vurdert å gjere som Storbritannia, men kjem no i første omgang med enkelte anbefalingar.

Helsedirektoratet anbefalar alle som har vore i Danmark dei to siste vekene, om å ta ein koronatest. I tillegg bør dei melde frå til sin respektive kommune om kvar dei har vore og at dei er i karantene.

Dei bør også gjennomføre karantene i ti dagar frå ankomstdato, uavhengig av utfallet av koronatesten.

FHI tilrår at det vert gitt tilbod om testing til alle som kjem til landet frå Danmark, og seier det kan vurderast å innføre ein obligatorisk test. Dei vil også få tilsendt alle virus som eventuelt blir påvist hos reisande som har vore i Danmark.

(©NTB)