FHI åtvarar: Smittetrenden kan ha snudd

KAN SNU: Line Vold ved Folkehelseinstituttet åtvarar om at smittetrenden kan snu igjen.

KAN SNU: Line Vold ved Folkehelseinstituttet åtvarar om at smittetrenden kan snu igjen. Foto:

DEL

Talet sjukehusinnlagde med covid-19 har auka dei siste to dagane. Avdelingsdirektør Line Vold ved FHI meiner vi må vere førebudde på at trenden kan snu.

– Det er for tidleg å konkludere med om dette er ein trend eller ikkje, svara Vold på spørsmål frå NTB på pressekonferansen måndag.

Men ho åtvarar om at vi må vere førebudde på at vi kan få aukande smittetal igjen.

1. april nådde talet på innlagde på sjukehus med påvist koronasmitte eit førebels toppunkt med 325 pasientar, ifølgje Helsedirektoratets statistikk. Laurdag var talet 148, før det har stige til 160 igjen måndag.

Helseminister Bent Høie (H) la til at det mellom anna kan vere ein konsekvens av dei mange nordmennene som har komme heim frå utlandet – over 100.000. Mange av desse kom frå område med større smitte enn i Noreg.

(©NPK)

Artikkeltags