Auka koronasmitte, RS-virus i omløp og ein influensasesong på veg. Det er status seks veker før jula blir ringd inn.
Smittesituasjonen i landet svarer til det mest alvorlege av dei to scenarioa for vintersesongen i FHIs modelleringsrapport frå slutten av oktober, stadfestar FHI-direktør Camilla Stoltenberg.
– Det er fullt mogleg å snu dette, men det er ein innsats som skal til, seier ho.
– Eg håpar vi kan få ei normal jul, men det er ei jul der vi framleis skal ta omsyn til smitte i landet, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Vinterbølgje
I det mest alvorlege scenarioet i FHIs modellar, får Noreg «en relativt stor vinterbølge», med opptil 60–70 koronainnlagde kvar dag. Dersom dette fell saman med at sjukehusa får inn mange influensapasientar, kan det bli eit stort problem, lydde åtvaringa frå FHI då modelleringsrapporten vart lagt fram.
– Så er det den generelle belastninga på spesialisthelsetenestene og sjukehusa som har vore over tid, som gjer at mange er slitne og gjer at det å skalere opp og tole dei belastningane dei vanlegvis toler i ein vintersesong, er krevjande, seier Stoltenberg til NTB.
Trenden kan snuast, men då må folk forstå alvoret, understrekar FHI-direktøren.
Sjuke må bli heime
Ho ber folk gjere tre ting: Halde fram med å vaksinere seg, halde seg heime når dei er sjuke og teste seg.
Fredag kom regjeringa med nye tiltak for å avgrense smitten. Kommunane kan ta i bruk koronapass, testregimet blir stramma til og helsestyresmaktene førebur ein tredje vaksinedose òg for dei under 65. Regjeringa kom òg med nok ei innstendig oppmoding til folk som ikkje har vaksinert seg, om å gjere det.
(©NPK)