Dersom Folkehelseinstituttets optimistiske anslag slår til, vil alle over 18 år i Noreg vere ferdigvaksinert innan midten av september, opplyser FHI.
– Dei viktigaste avgrensingane for tempoet på vaksinasjon i Noreg framover er talet på tilgjengelege vaksinar og vaksinedosar, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg.
I FHIs mest optimistiske anslag blir det lagt til grunn at tre nye vaksineprodusentar blir godkjende. Det vil i så fall bety fleire leveransar til Noreg – og vesentleg fleire vil bli vaksinert i andre kvartal enn dersom ein legg eit meir nøkternt anslag til grunn.
– Dersom vi antek at dei tre vaksinane blir godkjende (CureVac, Johnson & Johnson og Novavax) og leverer nok fordelt på april til september til å vaksinere 3,5 til 4 millionar personar, vil vi sannsynlegvis kunne tilby første dose til alle over 18 år innan utgangen av juli, sa Stoltenberg.
FHI-direktøren sa at dei då kan tilby første dose til alle i risikogrupper med underliggjande sjukdommar før midten av mai, til nær alt helsepersonell før siste veka i mai, og at dei vil vere ferdig med å vaksinere alle over 18 år innan midten av september.
Ifølgje ei ny undersøking ønskjer 78 prosent å vaksinere seg. Størst oppslutning er det blant dei over 60 år (88 prosent) og blant menn (83 prosent).
Dei som har svart på undersøkinga, har svart at dei ønskjer å bidra til samfunnet, bidra til mindre smitte i Noreg, verne sine næraste og få den normale kvardagen tilbake, som hovudårsaker til at dei ønskjer å la seg vaksinere.
(©NPK)