Vil du lære av dei aller beste?

Artikkelen er over 5 år gammel

Under Rockweekend stiller toppmusikarane i Lava opp som læremeistrar for lokale musikarar.

DEL

Har du musikalske ambisjonar og fri den 10. juli? Då er det ingen grunn til å vente med å melde seg på workshop med musikarane i det legendariske bandet Lava.

- Det vil foregå slik at de kan møte medlemmene i Lava, som vil prate om livet som musikar, dei vil spele og demonstrere tips og triks og gje råd til øving. Det vert sjøvsagt lagt opp til at ein kan spørje om både ting og tang som ein lurer, seier Norvall Klungresæter.

Påmelding må komme innan 20. juni. Påmelding.

Musikarane er Per Hillestad, årdølen som også har vore på verdsturne med A-ha.  Bassist Tom Erik Antonsen er bror av trompetist Ole Edvard og er vel kjent frå TV-ruta. Vidare den superelegante gitaristen Svein Dag Hauge, grunnleggar av Lava og røynd studiomusikar. På sax kjem sandensaren Børe Are Halvorsen, som har etablert seg blant dei aller beste musikarane i Oslo.  Vokaltist Egil Eldøen er vel kjend, medan keyboardist Frode Mangen er ei ny stjerne på den norske musikarhimmelen.

Les også: Lava kjem til super langweekend

Artikkeltags