Malakoff-billettane er utselde

KONSERT: I år er Biffy Clyro, Karpe Diem, Alan Walker, Turbonegro, Sondre Justad, Kjartan Lauritzen og Refused blant artistane/banda som skal spele. Arkivfoto: Camilla Aasen Bøe

KONSERT: I år er Biffy Clyro, Karpe Diem, Alan Walker, Turbonegro, Sondre Justad, Kjartan Lauritzen og Refused blant artistane/banda som skal spele. Arkivfoto: Camilla Aasen Bøe Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

For første gong før festivalen er i gang, er Malakoff utselt for festivalbillettar.

DEL

Litt før klokka bikka tre på ettermiddagen tysdag kunne Malakoff melde at alle billettane, unntatt nokre få dagspass på torsdag, er utselde.

– Det er fantastisk! Det er første gong i Malakoff si historie at det er utselt før festivalen er i gang, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal til Firda.

– I 2014 vart billettane utselde i løpet av kvelden på fredagen, men aldri før har festivalen vore utselt så tidleg. Vi er glade og stolte i dag, legg han til.

Har åtvara om det

Malakoff held til på Nordfjordeid, og har sidan oppstarten i 2003 hatt ei eventyrleg utvikling av både publikumstal og kvalitet. Kvar julimånad sidan har bygda blitt transformert til ein yrande metropol for den festivalglade publikummar. No er det berre nokre dagar att før årets festival er i gang.

Les også: Var russ og ville lage rockefestival

Malakoff har ved fleire høve tidlegare i år åtvara på Facebook og sine nettsider, om at det kom til å bli utselt.

– Mange oppdagar no at det plutseleg er utselt og at dei ikkje får kjøpe billett. Det er sjølvsagt trasig, men på same tid er vi utruleg glade for at alle billettane er selt, seier Naustdal.

Blir nok ikkje større

Publikumskapasiteten er på ca. 12.000 festivalgåarar per dag fredag og laurdag. Samt ein kapasitet på 3500 på torsdagen. I år er første året at publikummarane kunne velje å kjøpe eit tredagars festivalpass, som inkluderer også torsdag. 

Les også: Utvidar frå to til tre dagar

Hadde de forventa at salet av tredagarsbillettane kom til å gå så godt?

– Vi håpa jo sjølvsagt på det. Men vi var litt usikre på korleis salet av tredagersbilletten kom til å gå, fordi det var første året, samt at det nok er ein del som ikkje har fri og moglegheit til å vere med torsdagen. Likevel såg vi tidleg at mange kjøpte tredagersbilletten, seier ein nøgd festivalsjef.

Malakoff sitt besøkstal var vakse frå 650 det første året, til meir enn 22.000 dei siste åra. I år blir nok alle rekordar slått, men i framtida blir nok ikkje festivalen større.

– Den kapasiteten vi har no er maks. Det er ikkje plass til så mange fleire på Nordfjordeid. I staden for å arbeide med å få festivalen til å vekse, skal vi jobbe med å skape den gode festivalopplevinga, seier Naustdal.

Skal hindre narkotika

Det er ikkje berre ei auke i tal på besøkande. Dette året vil det også vere meir beredskap til stades, for å førebygge blant anna narkotikabruk.

– I alle år har vi oppjustert vakthaldet vårt. Det er fleire politi, fleire profesjonelle vektarar, og fleire lokale ordensvakter. Alt er på plass. Det er klart at når så mange folk samlast på ein liten plass, så er det viktig med god beredskap, seier Naustdal.

I år er det nesten 5000 menneske som skal bu på campen.

Malakoff festivalcamp

Malakoff festivalcamp Foto:

– 99,8 prosent av dei som er på festivalen oppfører seg eksemplarisk, men det er viktig at vi har eit system som fangar opp dei få som utfordrar reglane.

Sol og fint vêr

Vêrmeldingane for helga har endra seg fleire gonger, og vore veldig usikre. Men no som det nærmar seg festivalstart lovar meldingane sol og gode temperaturar.

– I går regna det heilt ekstremt her, men akkurat no tittar sola fram, og det ser ut som ho blir verande. Så alt ligg til rette for ei god festivaloppleving, seier Naustdal.

– Om det kjem ei regnbye eller to, så legg nok ikkje det ein dempar på stemninga, legg han til.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken