(Firda)

Mange rusa ungdommar hadde samla seg ved båthamna i Furuholmen i Kinn kommune i natt. Det fekk meldarar til å ringe til politiet.

– Politiet var på staden for å prate med ungdommane, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest Politidistrikt.

Det vart ifølge Mjelde ingen reaksjonar i høve korona-smittevernreglane, då desse var greitt varetekne.

– Men det var mykje folk og bilar, og ein del råning og mange personar, seier ho.

Ungdommane avslutta festem sjølve klokka 12.