Ferske tal frå Nav: Talet på arbeidslause går kraftig ned

STORE VARIASJONAR: Frå veke til veke svingar no arbeidsløysetala svært mykje. Ferske Nav-tal viser ein nedgang i talet på heilt ledige, medan delvis ledige aukar.

STORE VARIASJONAR: Frå veke til veke svingar no arbeidsløysetala svært mykje. Ferske Nav-tal viser ein nedgang i talet på heilt ledige, medan delvis ledige aukar. Foto:

FLORØ: Talet på heilt arbeidslause i Vestland går ned med over 5000 personar på to veker.

DEL

Det svingar stort i arbeidsmarknaden i Vestland for tida. Ferske tal frå Nav tysdag, viser ein nedgang i heilt arbeidsledige på 5147 personar. Talet på heilt ledige er no 28271. For Kinn kommune går tala ned frå 718 til 634 personar. Det er 6,4 prosent av arbeidsstokken. I Bremanger er det no 101 ledige (5,7 prosent), mot 120 for to veker sia.

– Det er ein større nedgang enn vi hadde venta, men desto meir gledeleg, skriv Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding.

Bogsnes er direktør i Nav Vestland, og ho kan no gle seg over ein nedgang på 25 prosent på 14 dagar. Det betyr at Vestland i skrivande stund har 8,4 prosent arbeidsløyse i arbeidsstokken.

Talet på heilt ledige er fallande innan alle yrke, men går mest ned innan butikk- og salsarbeid. I prosent er det innan helse, pleie og omsorg at nedgangen er størst, med heile 40 prosent.

– Det er liten tvil om at letten på smittevernrestriksjonane har ført til at yrkesgrupper som frisør, tannlege og andre innan personleg pleie har starta raskt opp igjen, seier Bogsnes.

Like positive er ikkje tala for dei som er delvis ledige. Her har vi ein auke på 2919 personar, noko som ikkje er uventa. I denne statistikken hamnar ein del av dei som fram til no har vore heilt ledige, og som no har byrja å jobbe igjen i reduserte stillingar.

Framleis er det blant arbeidstakarar under 30 år at ledigheita er høgast, men også her går tala ned.

Artikkeltags