I august var 5344 personar eller 1,6 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledige i Vestland. fylke Berre ein kommune i fylket har meir enn 2,0 prosent ledige.

Hyllestad (2,4 prosent) er den einaste kommunane i fylket med meir enn 2,0 prosent arbeidsledige. Arbeidsløysa i Vestland er den same som snittet for landet på 1,6 prosent.

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland meiner det er grunn til å tru at arbeidsløysa snart har nådd botn, og at utviklinga vil snu utover hausten.

– Vi ventar at arbeidsmarknaden framleis vil vere låg, men omverdsanalysen vår syner at det er fleire forhold som kan bidra til at nedgangen ikkje held fram utover hausten, seier Bogsnes.

Befolkningsutviklinga stagnerer fleire stader

Ho trekkjer fram rekrutteringsutfordringar som ei årsak til at nedgangen snart vil nå botn.

– Mangelen på arbeidskraft er ganske dramatisk i fleire kommunar, mellom anna fordi befolkningsutviklinga stagnerer fleire stader i fylket. Når ein ikkje får tak i kvalifisert arbeidskraft, er det også risiko for nedleggingar og konkursar, seier Bogsnes.

Ho er glad for at fleire arbeidsgivarar tar eit større ansvar for opplæring og tilrettelegging på arbeidsplassen, og utnyttar den arbeidskraftreserven som ligg blant dei ledige og andre som står utanfor arbeidslivet.

– Eg oppmodar fleire arbeidsgivarar til å gjere det same. Nav bidreg også, mellom anna med tilpassa utdanningsløp til bransjar med mangel på arbeidskraft, til dømes gjennom utdanning av helsefagarbeidarar i tiltak som Menn i helse og Gloppenmodellen, seier Bogsnes.

Flest ledige stillingar innan helse

Talet på ledige jobbar ligg framleis høgt, med over 4800 utlyste stillingar i august. Det er flest ledige stillingar i helse, pleie og omsorg (900), bygg og anlegg (724) og butikk- og salsarbeid (582).

I Vestland er det høgast arbeidsløyse i Hyllestad (2,4 prosent), Øygarden (2,0 prosent), Ulvik og Høyanger (begge 1,9 prosent). 19 av dei 43 kommunane i fylket har 1 prosent arbeidsløyse eller mindre.

Gode tal for Kinn og Bremanger

Sjølv om mangelen på arbeidskraft i dag er eit større problem enn ledigheita, kan ein likevel gle seg over at rekordfå av innbyggjarane våre går rundt utan å ha jobb. I Kinn kommune er det no registrert berre 154 heilt ledige. På same tid i fjor var talet 191. Dermed er 1,7 prosent av arbeidsstokken vår ledig, og det er ein nedgang på 19 prosent samanlikna med same tid i fjor.

I Bremanger er utviklinga endå betre. Berre 26 personar er registrert heilt ledige, mot 47 i fjor. 1,5 prosent er ledige, noko som er 45 prosent lægre enn på same tid i fjor.