Fem vestlandshamner skal ta i mot skip med koronasmitte

GODT EIGNA: Florø hamn har ifølgje Bergens Tidende blitt peika ut som eit godt alternativ for å ta i mot skip med koronasmitte.

GODT EIGNA: Florø hamn har ifølgje Bergens Tidende blitt peika ut som eit godt alternativ for å ta i mot skip med koronasmitte. Foto:

Av

Bergen hamn er førstevalet for å ta hand om skip med koronasmitte på Vestlandet, ifølgje fylkesmannen si vurdering. Fire andre hamner må også hjelpe til.

DEL

FIRDA: Fylkesmannen i Vestland har kartlagt kva hamner som er best eigna til å ta i mot skip med koronasmitte, skriv Bergens Tidende.

Av alle hamner i Vestland og Rogaland er Bergen rangert som førstevalet til å handtere store skip der det er påvist eller mistanke om covid-19.

– Med nærleiken til Haukeland sjukehus, og med dei ressursane som finst i Bergen, så vil nok Bergen fort bli eit aktuelt val i eit slikt tilfelle, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand til avisa.

Det var etter utbrota på hurtigruteskipa tidlegare i år at kartlegginga kom i stand. Viktige kriterium for å ta imot smitte frå skip er kapasitet i helsetenesta og nærleik til sjukehus.

Her er hamnene som er best rusta i prioritert rekkefølgje:

1. Bergen hamn

2. Stavanger hamn

3. Florø hamn / Karmsund hamn

– Skipa skal i utgangspunktet gå til den planlagde destinasjonshamna, og det er helsetenesta lokalt som pliktar å gi helsehjelp til skipet. Men om kommuneoverlegen der meiner utbrotet er så stort at ein ikkje har kapasitet til å handtere det, må Helsedirektoratet koplast inn i diskusjonen om det skal bli omdirigert, seier fylkesberedskapssjef Stensvand.

Fylkesmannen i Vestland har utført kartlegginga på oppdrag frå Helsedirektoratet, og i samarbeid med dei lokale helseføretaka, Helse vest og Fylkesmannen i Rogaland.

Høie: Vaksine mot covid-19 blir gratis

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken