Gå til sidens hovedinnhold

Fem nye tilfelle siste døgn – no er nær 50 smitta etter møte i kyrkje

Over 40 personar i sju forskjellige kommunar har testa positivt for koronavirus.

For abonnentar
(Firda)

Onsdag vart det kjent at totalt fem personar, fire i Kinn og ein i Stad, har testa positivt for korona.

Desse fem er knytt til smitteutbrotet i Stad for to veker sidan, der det var eit møte for staben i Eid kyrkje. Ein tilsett hadde vore på reise i Bergen og hadde tatt med seg smitte derifrå.

Totalt har dette ført til at over 40 personar har blitt smitta i Sunnfjord, Kinn, Stad, Stryn, Gloppen, Volda og Bergen kommunar.

Smittevernlegen i Stad, Thomas Vingen Vedeld, seier at situasjonen har vore krevjande, men at dei no har god oversikt og kontroll på smitten. Tysdag vart over 60 personar testa i Stad. Av dei var éin positiv.

– Det er ingen nye nærkontaktar i samband med den nye smitta personen. Vedkommande sat allereie i nærkontaktkarantene, og personar i same husstand er testa, seier han.

Les også

To barn smitta av korona i Kinn

– Intensiv jobbing

Etter kvart som det var kjent at smitten spreidde seg til andre kommunar, fekk smitteteamet til Vingen Vedeld mykje å gjere.

– Det har vore ein krevjande situasjon, det har vore veldig intensiv jobbing. Kollegaene mine og eg har jobba døgnet rundt dei siste vekene, seier han.

På eit tidspunkt var over 90 personar i nærkontaktkarantene i Stad. Det førte til at kommunen måtte mobilisere og setje inn fleire personar i smitteteamet.

– Når fleire personar er smitta og i isolasjon og nærkontaktkarantene, var det mange som skulle bli følgt opp, og dokumentert. Vi kunne få ein telefon klokka sju på ein laurdagskveld om ny smitte i nabokommunen, og då måtte vi mobilisere smittesporingsteamet. Det har vore travelt, seier Vingen Vedeld.

Onsdag vart det òg kjent at ein fastlege og ein sekretær ved Selje legekontor er ferdig med karantene og vender tilbake til jobb. Dei vart sett i karantene etter å ha hatt nærkontakt med ein pasient som hadde covid-19. Begge har testa negativt og er symptomfrie.

– Tabu å bli smitta

Vingen Vedeld seier kommunen no har god oversikt over situasjonen, men at det framleis kan komme nye positive testar.

Kommuneoverlegen vil skryte over innbyggarane i Stad.

– Det er utfordrande å bli sett i ein slik situasjon, men dei har møtt den bra. Smitten blir som ein skjult fiende som er lett å vere redd for, og når vi blir redde begynner vi å sette opp skiljeveggar mellom «oss» og «dei». Vi er i ein situasjon der vi må vere på lag, vere audmjuke og forstå at det kan råke personar som ikkje har gjort noko gale, men berre blitt offer for smitte. Dei må bli møtt med varme og omtanke i staden for å bli peika ut.

Les også

Stad-ordføraren om smitteutbrotet: – Det har vore jobb døgnet rundt

Les også

Ein tilsett smitta heile kyrkjestaben: – Som lyn frå klar himmel

Les også

Ein barnehagetilsett i Kinn er koronasmitta: – Ein del tilsette og barn i karantene

Kommentarer til denne saken