Fredag 21. mai blei det analysert 370 koronaprøver. Fem av dei resulterte i positive prøver, opplyser Helse Førde på sine sider.

Prøvene er tekne i Sogndal og Stryn. Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte per i dag.

Helse Førde gjer merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.