Enova går inn med statleg støtte til fem nye landstraumprosjekt i Kristiansand, Ålesund, Stokmarknes, Helgeland og Florø.
Enova-støtta betyr at stadig fleire norske hamner tilbyr straum til skip, slik at dei kan slå av motorane når dei ligg til kai, seier dei i ei pressemelding.
Kristiansand Hamn IKS får 4,8 millionar, hamnestellet i Ålesund får 2,3 millionar, Helgeland Hamn IKS får 9,5 millionar, Plug Holding AS i Stokmarknes får 3,8 millionar, og Fjord Base AS i Florø får 4,3 millionar.
– Landstraum er eit viktig steg i retning av utsleppsfri sjøtransport, og derfor er det veldig positivt at det er interesse for å byggje ut landstraumanlegg også i ei tid der koronasituasjonen pregar marknaden, seier marknadssjef Gunnel Fottland i Enova.
Landstraumanlegga skal vere i drift seinast i februar 2023.
(©NPK)