Gå til sidens hovedinnhold

Fem dagar utan nye koronatilfelle

Søndagens testresultat hjå Helse Førde var igjen heilt fri for positive Covid-19-prøvar.

I Helse Førde sitt område kan vi no bokføre fem dagar utan positive koronaprøvar.

Det går fram av helseføretaket si rapportering frå søndagens testing, der 40 prøvar blei analyserte.

Det betyr at dei siste fem døgna har vore heilt utan funn av nye koronatilfelle. I denne perioden er det analysert 898 prøvar.

Ein må tilbake til tysdag 9. februar sist det blei påvist nye smittetilfelle. Då blei det funne fem positive prøvar blant dei 401 analysane som blei utført.

Kommentarer til denne saken