Det blir altså eit «band of brothers» i Kystbyen. Ungdomsleiar Carina Hillersøy fortel at konserten blir gjennomført som eit samarbeid mellom Haffen, kulturskulen og Gjensidigestiftinga. Sistnemnde har gitt ungdomskulturhuset pengar både til bandkurs og musikkterapeut i heile 2022, noko som kanskje har vore utslagsgjevande for at bandfloraen stadig sår seg.

Det er banda «ADHD», «Grenades» og «Awakening Madness» frå Florø som representerer vertskapet. I tillegg er bandet «Sounds of Fire» frå Førde og bandet «Struen» frå Bremanger invitert.


– Vi meiner det er viktig at ungdom på tvers av kommunegrensene, med same interesse, treffast og får spele saman. Så det er utruleg kjekt at dei har sagt ja til å komme, seier ungdomsleiar Carina Takle Hillersøy.

Etter konserten blir det open scene, så alle som vil kan få prøve seg. Kinn lys er hyra inn for å køyre lys og lyd, så det er ikkje spart på noko for at jula skal bli rocka inn på mest heftige vis. Her blir det god lyd og skikkeleg god stemning. Konserten startar klokka 20.00, og denne gongen skal ungdommane få styre huset på eigahand.

– Eg tenker at foreldra får sjå ungdommane sine ein annan gong, kjem det frå Takle Hillersøy