Gå til sidens hovedinnhold

Felleskjøpet legg ned i Florø

Artikkelen er over 1 år gammel

Marknaden for kraftfôr i Norge er i endring og forbruket går ned nasjonalt. Styret i Felleskjøpet Agri har som følge av dette vedteke å flytte produksjonen av kraftfôr frå Florø til fabrikkane på Vestnes og Vaksdal.

Det melder Felleskjøpet i ei pressemelding.

– Felleskjøpet har som samvirke eit ansvar for å halde bondens kostnader nede og halde oppe landbruket si konkurranseevne. Ei endring av selskapet sin fabrikkstruktur er derfor naudsynt, og vil gagne alle bønder i Norge, skriv Felleskjøpet i pressemeldinga.

– Felleskjøpet skal legge til rette for at bonden har dei beste føresetnadene for drift på garden, og investerer difor kontinuerleg i teknologi, produkt, infrastruktur og kompetanse over heile landet. Samstundes må vi effektivisere vår eiga drift der det er mogleg og riktig.

Nedgang i mjølkeproduksjonen og overproduksjon i enkelte deler av landbruket påverkar behovet for og bruken av kraftfôr. Bortfall av eksportstøtta til Jarlsberg, og nedgangen i produksjon dette medfører, utgjer åleine eit redusert behov for kraftfôr nasjonalt på om lag 50 000 tonn for Felleskjøpet. Selskapet har difor vurdert heile sin fabrikk- og produksjonsstruktur for å tilpasse seg marknaden, og kunne investere vidare i moderne produksjon for å møte nye krav til berekraftig produksjon, sporbarheit og forbrukartrendar.

Les også

– Det er ei litt ubehageleg stemning på jobben i dag

Det er i dag tre fabrikkar som leverer kraftfôr til bønder på Vestlandet. Fabrikken i Florø er den minste av dei tre, og produserer rundt 40 000 tonn kraftfôr årleg. Fabrikkane på Vestnes og Vaksdal har kapasitet til å ta over voluma som i dag vert produsert i Florø.

Held fram i seks månader

- Felleskjøpet skal bidra til best mogleg økonomi for våre medlemmer på kort og lang sikt, sastundes som vi skal sikre tilbod og leveransar av livsviktige innsatsfaktorar for bonden. Når behovet for kraftfôr minskar som følge av endringar i totalmarknaden må vi justere eiga drift for å sikre lønsemd for eigarane (bonden). Vi har ein to-fabrikk-struktur for konvensjonelt kraftfôr både i Trøndelag og på Austlandet, og får no same situasjon på Vestlandet når produksjonen vert flytta frå Florø. Endringane vi no gjer vil ikkje påverke Vestlandsbonden som vil få sine leveransar som normalt, enten frå Vestnes i nord eller Vaksdal som dekker dei sørlege delane av regionen, seier Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet Agri.

Produksjonen i Florø vil halde fram i seks månader mens omlegginga vert planlagt. Det er forventa at all produksjon frå Florø vil vere flytta rundt 1. august 2020. Fabrikken i Florø har 11 faste tilsette som blir råka når stillingane ved fabrikken fell bort.

Les også

– Legg Felleskjøpet ned fabrikken i Florø, så vil dei tape pengar

- Flyttinga av kraftfôrproduksjonen frå Florø betyr på ingen måte at vi satsar mindre på Vestlandet, snarare tvert imot. Vi har i løpet av dei siste 6 åra opna fem nye og moderne butikkar i regionen, og har ein rekke avdelingar som yter bonden service med verkstad, gjødsellager, maskinsal og landbruksvarer. Det vil også komme ytterlegare tre nye avdelingar på Manger, Sogndal og Nordfjordeid i løpet av dei neste to åra, seier Skuterud.

Felleskjøpet er etter flyttinga frå Florø representert med 18 butikkar, 5 verkstader, 2 gjødsellager og to fabrikkar på Vestlandet.

Felleskjøpets kraftfôrproduksjon på Bergneset i Balsfjord vil også blir vurdert når selskapet no planlegg sin framtidige fabrikkstruktur. Denne fabrikken vert ikkje omfatta av styrevedtaket som er gjort omkring Florø, og vil bli behandla som ein separat sak av styret seinare.

Kommentarer til denne saken