Klokka halv tre natt til fredag køyrde ein ung mann i fjellveggen ved Haukå-området på fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen.
Mannen blei sjekka av lege på ulukkesstaden og kom frå hendinga utan skadar. Bilen blei påført store skader i fronten.
Han skal ha forklart at han var på veg mot Svelgen då han mista veggrepet på den blaute asfalten og enda i fjellveggen.
Det var føraren sjølv som melde frå om ulukka. Han var åleine i bilen og det er ikkje mistanke om køyring i påverka tilstand. Politiet har såleis ikkje oppretta noko sak på hendinga.
Bilen er fjerna og fylkesveg 614 er open for trafikk.