Fekk steinblokk over seg - redningshelikopter er på veg frå Florø

DEL

Det pågår ein redningaksjon ved Dyrhaugstindane i Luster. Politiet melder på Twitter at ein person har fått ei steinblokk over seg. Politiet fekk melding om hendinga klokka 12.55. Skadeomfanget er førebels ukjent. Redningshelikopter og luftambulanse er på veg.

– Vi har fått melding om at det er en person som har fått en stein over seg. Vedkommende er skadet, og må hentes ut, sier redningsleder Andreas Næsheim ved Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS) til Bergens Tidende.

Redningshelikopter fra Florø og luftambulanse frå Dombås er no på veg til staden.

HRS fortel til avisa at dei veit posisjonen til den skadde, og reknar med redningshelikopteret vil vere på plass på skadestaden klokka 14.00.

Siste: Politiet melder litt over klokka 15.00 at personen er henta ut frå området. Luftambulansen flyr no den skadde til Haukeland universitetsjuklehus i Bergen. Skadeomfanget framleis ukjent.

Dette er tweeten som kom i frå politiet i dag:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken