Nå når søknadsfristen er ute, har Nærings- og fiskeridepartementet motteke 22 søknadar frå ulike aktørar.

– Det er tydeleg at mange ønsker å jobbe med likestillingsproblematikken og bidra i det viktige arbeidet vi har fått i gang. Arbeidet med å vurdere søknadane er i gang i departementet, og det vil bli utfordrande å sette dei opp mot kvarandre, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Søknadane kjem både fra enkeltpersonar, nyoppretta organisasjonar og frå etablerte organisasjonar og samarbeidsklynger. Dei omfattar ei rekkje ulike tiltak, som for eksempel etablering av nettverk for kvinnelege fiskarar, rekrutteringstiltak og haldningsskapande arbeid.

Det har komme inn søknadar for til saman 4,8 millioner kroner.

– Fiskerinæringa har ein stor jobb å gjere på likestillingsområdet, så det er bra at mange ønsker å ta fatt på dette arbeidet. Haldningane må endrast, det skal vere trygt å vere fiskar om bord på alle fiskebåtar, og vi håpar at tida framover vil vise at fleire kvinner vel å vere fiskar i Norge slik at vi oppnår ein betre kjønnsbalanse i fiskaryrket, seier fiskeri- og havministeren.