Det fortel sakshandsamar Frode Hovland i Vestland fylkeskommune om søknaden frå Austevoll-selskapa Troland Lakseoppdrett AS, Langøylaks AS og Austevoll Melaks AS. Dei søkte i mai om ny lokalitet for matfisk av laks, aure og regnbogeaure ved Klubben i Bremanger. Dei disponerer allereie to lokalitetar i nærleiken, ved Skipperdalsneset vest for Berle og ved Husevågøy sør for Måløy.

– Vi har hatt ein utfordrande situasjon med lakselus og sjukdom i anlegga i Nordfjord. For å skåne sakshandsamingsapparatet hos sektorstyresmaktene valde vi å avslå søknaden direkte. Det har vi høve til når grunngjevinga er god nok, fortel Hovland.

– Omsynet vil villaksstammane tel tungt på vektskåla?

– Ja, men her har vi fleire tungtvegande moment. Bremanger kommune held på med revisjon av sin arealplan, og legg opp til å fjerne dette området for formålet akvakultur. Dessutan har Kystverket planar om å sprenge ei grunne i leia i Skatestraumen, fordi det er for trongt for skipstrafikken. Det er ikkje ofte vi gir avslag direkte, men i dette tilfellet meiner vi grunnlaget er solid nok.

– Kan søkar klage på vedtaket?

– Ja, det er mogleg og då blir saka eventuelt sendt til Fiskeridirektoratet for handsaming.

Fylkeskommunen vurderer at situasjonen i Nordfjorden er svært alvorleg i høve til lakselus- og sjukdomssituasjonen, spesielt for villaksen og sjøauren. Dette vil bli forsterka med ei fortetting og auke av lokalitetsbiomasse ved innløpet til fjorden. Indre del av Nordfjord er nasjonal laksefjord og at det er tre nasjonale laksevassdrag langs fjorden. Desse har eit vern og er utpeikt til å vere blant dei viktigaste laksebestandane i Norge.

Red.anm : Namnet Klubben finn ein på begge sider av Hornelen, både aust ved Hornskor og på Frøysjøsida. Den aktuelle lokaliteten ligg på Frøysjøsida.