Fekk 45 dagar for bruk og oppbevaring av hasj

DOM: Mannen avla full tilståing i retten.

DEL

Det var i fjor haust at det blei funne over 200 gram hasj heime hos ein mann i tjueåra i Florø.

Påtalemyndigheita meinte 45 dagars fengsel, av dei 24 dagar betinga med to års prøvetid, var ei passande straff for mannen. Det blei vist til ein dom frå lagmannsretten som gav tilsvarande dom for oppbevaring av 198 gram hasj, utan formildande og skjerpande omstende.

Det vart vektlagt i positiv retning at mannen hadde avgitt full tilståing, og at han er ein ung og tidlegare ustraffa mann.

Dermed blei påtalemyndigheita sitt forslag ståande - mannen må sone 21 dagar, men slepp dei 24 siste om han held seg unna nye lovbrot dei neste to åra.

Artikkeltags