Dette er Henrik si rute det neste halve året

Publisert
DEL

Har du nokon gong drøymt deg vekk frå den daglege donten? – Der vi står opp og legg oss til same tid veka gjennom? Ser dei same ansikta både på jobb og heime kvar dag? Følger dei same TV-seriane kvar fredag kveld, og der vi jobbar for å betale ned lån og sikre mat på bordet? Då er du ikkje åleine. Men svært få av oss gjer noko meir enn å drøyme om å komme seg ut av denne «A4-eksistensen».

Henrik Grotle frå Florø er eitt av unntaka. Han har tatt permisjon frå jobben som systemutviklar i Link Mobility (tidlegare PSWinCom). Mellom torsdagdenne veka og 5. oktober skal han og ein 2012-modell Harley Davidson Road King innom 48 av 50 amerikanske statar.

Biker: Når du leser dette, sit ikkje Henrik Grotle lenger på «Flåten» med ei pils i handa. Då er han kommen fram til Orlando i Florida. Dei kommande seks månadene sit han på ein Harley gjennom 48 av dei 50 statane i USA. Foto: David E. Antonsen

Biker: Når du leser dette, sit ikkje Henrik Grotle lenger på «Flåten» med ei pils i handa. Då er han kommen fram til Orlando i Florida. Dei kommande seks månadene sit han på ein Harley gjennom 48 av dei 50 statane i USA. Foto: David E. Antonsen

Lei A4-livet

– Eg er lei A4-livet; å veksle mellom å sjå på Netflix på sofaen og jobb. Det er ikkje det at eg ikkje liker jobben min, for det gjer eg. Men eg treng eit eventyr eg seinare kan minnast med glede når kvardagen kjem att, og eg elskar å køyre motorsykkel. Men det er nok eit snev av midtlivskrise og sjølvrealisering over det heile.

Henrik humrar og løftar ølglaset, her vi sit ute på «Flåten» måndag. Ved sidan av oss ladar florøsupporterar opp til kamp mot Levanger. Henrik har sjølv lada opp til sitt store eventyr. For det er ikkje berre-berre å reise vekk i eit halvt år, sjølv om du ikkje har nokon heime som er avhengig av deg.

Eg måtte selje Harleyen for å få råd til dette.

Henrik Grotle

– Det kostar å vere vekke så lenge, men eg vil helst ikkje seie kor mykje. Men eg måtte selje Harleyen min for å få råd. Leilegheita leiger eg bort. Så har heldigvis banken min gitt meg avdragsfridom i perioden, slik at eg berre må betale på renta, legg Henrik til.

HARLEY: På Jim's Dealership i Orlando står denne Harley Davidson Road Kingen og ventar på Henrik. Foto: Privat

HARLEY: På Jim's Dealership i Orlando står denne Harley Davidson Road Kingen og ventar på Henrik. Foto: Privat

Reiselysta gjorde seg verkeleg gjeldande for åtte-ni år sidan, då Henrik var med ein gjeng florøværingar på segltur i Karibia i ni veker.

– Sidan då har reiselysta sitte i meg. Det er når eg er på tur at eg verkeleg kjenner at eg lever, smiler den stillfarne florøværingen som har budd i Bergen sidan 2009.

Første stopp i USA blir Orlando i Florida, der Harleyen allereie står og ventar på han. Deretter køyrer han nordover langs austkysten. Etter den ganske så fleksible reiseplanen vil han vere i Maine i mai-juni. Deretter vender han nasen vestover mot dei nordvestlege statane. Frå staten Washington i nord går turen sørover langs vestkysten til California, før han på vender sykkelen mot austkysten.

Systemutviklaren Henrik har oppretta ein blogg der du kan følge reisa dag for dag. Han har montert ein GPS-sendar på motorsykkelen og utvikla eit dataprogram, slik at du til ein kvar tid kan sjå på kartet kor han er. Vil du følge han, kan du nytte lenkene under:

fb.me/TheGreatEscapeNo/

www.thegreatescape.no

Artikkeltags