Det er tilforlateleg lyst og triveleg i einebustaden Thomas Øvstedal (36) og kona Ingvild deler med sonen på åtte og dottera på seks, her i Lia over Svelgen sentrum. Eit rosa leiketelt står i hjørnet her i stova. Leikar ligg over alt på golv, hyller og bord. På veggen heng familiebilda. Ikkje eit einaste daudinghovud. Det einaste som fortel meg at Thomas er vokalist i eit ekstremmetallband er den side, svarte skinnjakka som heng ute i gangen.
På bilturen frå Florø til Svelgen har eg høyrt på albumet «Ruin», som Thomas og bandet hans Cor Scorpii, nyleg har gitt ut. Thomas kveser i mikrofonen store deler av plata, og dei raske trommene torar som illsinte maskingevær i stereoanlegget i kupeen. Det er aggressivt. Bråkete. Og eg vurderer å slå av både ein og to gonger.
Men om lag ved Haukå, går det opp for meg at det er eit musikalsk landskap som gøymer seg bak den beksvarte buldringa. Det er ikkje så rett fram som eg først trudde: Det er noko vakkert klassisk, noko symfonisk over musikken.
Og på sett og vis er det det same med læraren, politikaren, tobarnsfaren og ekstremmetallvokalisten Thomas.
– Skal du ha ein kopp kaffi?
Thomas Øvstedal orsakar seg, ryddar vekk leikene som ligg strødd utover stovebordet. Så set han fram to kvite IKEA-koppar og ei Eva Solo-termokanne med kaffi.
– Du har rett i at det er noko symfonisk over musikken. Vi hentar mykje inspirasjon frå det klassiske når vi lagar musikk, og i dette siste albumet har vi henta veldig mykje frå Grieg, seier han og skjenkar kaffi i koppane.
– På mange måtar er metall litt som opera; det er noko du må lære deg å like. Det er ikkje så rett fram som andre musikksjangrar. Og i tillegg er metallsjangeren så brei og mangefasettert. Du har alt frå Motorhead, som nesten er for populærmusikk å rekne, til Dimmu Borgir og ekstremmetallband, seier Thomas.
(Reportasjen held fram under bildet.)
Metallsjangeren har lenge blitt assosiert med satanisme og høgreekstreme miljø. Ikkje ufortent, vel å merke: Ta Burzum-vokalist Varg Vikernes, til dømes. I 1994 blei han dømd til 21 års fengsel for eitt drap, tre kyrkjebrannar og tjuveri.
– Men metallmiljøet generelt har for lenge sidan brote med både satanisme og det høgreekstreme, som i mange år var ein hemsko for heile sjangeren. Det har vore veldig frustrerande for oss som driv med dette på eit seriøst nivå, og som ikkje deler desse verdiane. Metallsjangeren er ein sjanger som vektlegg det som ligg bak musikken. Eg trur mange ville blitt overraska over kor ulike politiske og etiske syn dei ulike banda har, og kor varierte folka som lagar metall faktisk er. Det er synd at eit fåtal får sverte ein sjanger som i det store og heile er bygd kring meir «oppbyggelege» verdiar, på trass av eit tilsynelatande negativt lada image, seier Thomas.
– Og i metallsjangeren blir det lagt mykje vekt på tekstane, seier Thomas.
– Men det er jo vanskeleg å høyre kva vokalisten faktisk syng om når han skrik. Kvifor skrik han, forresten?, kjem det brått frå meg.
– Eg skjønar kvifor du spør. Og for mange er skriking ein dealbreaker som gjer at dei ikkje likar sjangeren i det heile. Men det blir brukt fordi det er den måten som formidlar kjenslene i teksten best: Metall handlar om aggresjon, smerte og frustrasjon. I tillegg fungerer kontrasten mellom det melodiøse gitarriffet og den heller umelodiøse vokalen veldig godt.
Metallmiljøet generelt har for lenge sidan brote med både satanisme og det høgreekstreme, som i mange år var ein hemsko for heile sjangeren.
– Men det må vere krevjande å synge slik, både teknisk og fysisk?
– Ganske krevjande. Det er heller ikkje helsebringande å synge sånn, snarare tvert imot. Og det er ein teknikk involvert. Du nyttar ikkje stemmebanda, heller musklane over. Og dess mindre du får øvd, jo meir slitsamt blir det for stemma, seier Thomas.
Interessa for metallsjangeren vart tend i ungdomstida, då han og kompisane byrja spele saman i bandrommet på Realen i Svelgen kvar fredag. Då gjekk det mykje i Metallica og anna rock. Men det var ingen andre som torde å synge, så då måtte Thomas plukke opp mikrofonen. Og han blei ved sin mikrofon gjennom fleire band, før han enda opp i Cor Scorpii.
Men kvifor metall?
– Eg veit ikkje heilt. Det er noko ved denne musikken som appellerer til meg. Det er ein trygg måte å få ut aggresjon og frustrasjon på. Og det er ein krevjande sjanger å synge og spele.
(Reportasjen held fram under bildet.)
Svartmetallbandet Cor Scorpii vart starta i 2004 av keyboardisten Gaute Refsnes, medan Thomas studerte til å bli lærar i Sogndal. Gaute jobba i den lokale plateforretninga, og vart ein god kamerat av Thomas. Saman skipa dei Cor Scorpii.
I 2005 gav dei ut ein demo, «Attergangar». Den vart kåra til «Årets demo» av den tyske utgåva av magasinet «Metalhammer».
– Det lova veldig bra i byrjinga. Førehandsmeldingane var strålande, og promoteringa var glitrande. Etter at vi gav ut demoen, vart vi signert av eit nederlandsk plateselskap. Men selskapet gjekk konkurs to månader etter at debutplata «monument» kom ut, så berre eit fåtall skiver vart distribuert før alt stoppa opp. Då mista vi litt av piffen, seier Thomas og løftar kaffikoppen opp til munnen.
– Vi har blitt booka til fleire store arrangement, mellom anna Karmøygeddom Metal Festival i år, så har vi hatt nokre miniturnear og enkeltkonsertar, både i Førde, Sandane, Bergen og Haugesund. Vi spelte i Sveits for nokre år sidan, då kom det folk heilt frå Belgia og Frankrike for å sjå oss spele. Vi har nokre dedikerte fans, men vi kjem nok aldri til å få det store, internasjonale gjennombrotet, seier Thomas.
Det gjekk ti år mellom debutplata «Monument» før «Ruin» kom ut, gjennom det bergensbaserte plateselskapet Dark Essence.
– Er målet å leve av musikken?
– Nei, det er ekstremt få metallmusikarar som klarer leve av musikken åleine, seier Thomas og set kaffikoppen ned på bordet att.
Vi har nokre dedikerte fans, men vi kjem nok aldri til å få det store, internasjonale gjennombrotet.
I staden har Cor Scorpii-vokalisten slått seg ned i heimbygda Svelgen. Thomas er eigentleg sogning, men mor hans Heidi Synnevåg, flytta hit då han var seks år. No jobbar han som inspektør ved Svelgen skule. Men vegen dit har vore lang.
– Eg gjekk på vidaregåande skule i Høyanger, og utdanna meg til prosessoperatør. Eg var lærling i to år på Statoil Mongstad før eg fekk fagbrevet. Deretter studerte eg geologi ved Universitetet i Bergen, men etter eit år hoppa eg over på læraryrket. Det var det luraste eg har gjort. Eg hadde i lang tid eigentleg ønska å bli lærar, seier Thomas.
Men etter to år hoppa han av. Han var lei av å studere, og ville komme ut i arbeidslivet. Han fekk seg jobb i eit grossistfirma i ventilasjonsbransjen i Bergen. Og det var her i Bergen at han blei saman med kona Ingvild, som er utdanna sosionom og yogainstruktør. Dei budde ulike stader i Bergen i seks år, før dei bestemte seg for å flytte til Svelgen.
– Då budde eg og Ingvild og sonen vår i Fyllingsdalen utanfor Bergen. Men vi hadde ikkje lyst til å oppdra ungar i blokk, og vi sakna begge fjell og fjordar.
Så då det vart lyst ut stilling ved skulen i Svelgen i 2012, greip dei sjansen. Og parallelt med at Thomas jobba som lærar, fullførte han lærarstudiet. Og det gjekk ikkje lang tid før han vart involvert i politikken i heimkommunen. Han er no vararepresentant for Arbeidarpartiet i kommunestyret.
– Eg følte fort at eg hadde funne riktig hylle i livet då eg kom heim til Svelgen, og fekk jobb på skulen. Her trivest vi, avsluttar Thomas.