Kongebesøk: Abdi Mohamed skal på besøk til kong Harald i september.
Siri Linn BrandsøY

Abdi invitert til kongen

Han er spent, men veit ikkje heilt kva han kan forvente. Vil han kunne handhelse på kongen mon tru? Og om sjansen byr seg, kva seier han til Kongen?
Publisert

Abdi Mohamed frå Florø har fått brev i posten om at han er invitert i hagefest til sjølvaste Kong Harald 1. september.

– Til vanleg får eg jo berre faktura og reklamar i posten, så eg blei veldig overraska då eg såg brevet frå kongehuset, ler han.

Men kven som har tipsa dei om å invitere nettopp han til

kongeleg fest, det veit han ikkje. Han forklarar at dei som har blir invitert skal vere representative for innbyggarane i landet vårt ut ifrå ulike kategoriar som geografi, alder, kjønn, religion og etnisitet.

– Men kor høyrer eg til? spør han med eit smil.

Etter litt tenketid kjem han fram til eit svar som han kan slå seg til ro med:

– Er det kanskje fordi eg engasjerer meg i lokalsamfunnet? spør han.

Mohamed er nemleg leiar for NOSFO, Norsk Selvhjelp for Flyktningar, ein organisasjon som jobbar med integrasjon av flyktningar gjennom tilrettelegging av fritidsaktivitetar som handball, fotball og svømming. Han var sjølv med på å starte organisasjonen som no er knapt to år gammal.

– Eg såg at det var eit stort behov for å jobbe med integrering. Mange innvandrarar fell utanfor arbeidsmarknadane og har vanskar med å lære seg språket. Det er viktig å inkludere dei og borna deira i ulike fritidsaktivitetar slik at dei kan bli kjent med nordmenn og få snakke norsk. Språket er nøkkelen til god integrering, forklarer han.

Eg vil seie takk til Norge for at de tok i mot oss og for at de beskyttar oss når det er krig i heimlandet vårt. Takk for at de let oss få bu her. Det vil eg takke Norge for. Det vil eg seie til kongen

Abdi Mohamed

NOSFO samarbeider mellom anna med Florø SK Handball, som har dobla talet på born med minoritetsbakgrunn i år. Over 40 born og fleire frivillige foreldre frå land som Somalia og Eritrea var med på årets handballskule. Morten Mortensen, frå handballgruppa, beskriv Mohamed og organisasjonen hans som nøkkelen til suksessen dei har hatt med å inkludere born, unge og foreldre i klubben.

– Men kvifor engasjerer du deg?

– Eg har i grunn alltid gjort det. Eg likar å vere der for dei som er sjuke eller treng hjelp, svarar han.

Mohamed var ferdig utdanna sjukepleiar i 1991. Det var det året regjeringa til Maxamed Siyaad Barre styrta og det braut ut borgarkrig i heimlandet hans Somalia. Landet stod ovanfor ei humanitær krise, og han arbeida i ein lengre periode for Leger Uten Grenser og ein lokal organisasjon som hjelpte born og unge i Sør-Somalia. Men etter at terroristgruppa Al-Shabaad beordra frivillige organisasjonar ut av området dei var i, bestemte han seg for at framtida hans var i et anna land, langt vekke frå landet han vaks opp i som liten.

Den lange reisa til Norge vil han helst ikkje prate om. Det er her og no som gjelder, påpeikar han. Mohamed i Florø, byen han flytta til i 2009. – Det var viktig for meg å fortsette å hjelpe andre då eg kom til hit. No deler eg tida mi i tre. Mellom familien min, jobb og NOSFO, seier Mohamed, som også arbeider som assistent på Flora Ungdomsskule. No er han spent på å møte kongen.

– Tenker du noko på korleis det blir å besøke kongen då?

– Eg trur vi er nesten 300 menneske som skal dit, så vi får vel ikkje handhelse på han. Vi er nok for mange til det, eller kva trur du? undrar han.

– Eg er faktisk ikkje sikker, innrømmer eg og spør:

– Men sånn heilt hypotetisk, om du faktisk får helse på han, veit du kva du vil seie til han?

Han tenker seg godt om før han svarar bestemt:

– Eg vil seie takk til Norge for at de tok i mot oss og for at de beskyttar oss når det er krig i heimlandet vårt. Takk for at de let oss få bu her. Det vil eg takke Norge for. Det vil eg seie til kongen.

Artikkeltags