Fastlege må i karantene

Lege og legekontor-tilsett må i karantene i Stad kommune.

DEL

Ein fastlege og ein annan tilsett ved Selje legekontor er sett i karantene. Årsaka er at dei har hatt nærkontakt med ein pasient som er smitta med covid-19, melder Stad kommune i ei pressemelding.

Ifølgje kommunen skal det ha vore kortvarig og avgrensa kontakt, og ingen av dei har symptom på infeksjon.

Likevel har ein valt å sette dei i karantene som eit tryggingstiltak. Dei to vert testa i dag, fredag.

Det skal ikkje vere risiko for smitte knytt til andre legar og tilsette ved Selje legekontor, og drifta ved kontoret held elles fram som normalt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken