Tal frå Vipps og BankAxept viser ein kraftig auke i netthandel dei tre første vekene i desember. Tala viser færre transaksjonar, men større beløp.

Omsetninga i korthandelen aukar med 1 prosent, medan varehandel på nett med Vipps aukar med heile 178 prosent

– Den enorme netthandelsauken kan både forklarast med ein generell trend der folk handlar meir på nett, og pandemien som gjer at fleire held seg heime, seier Vegar Heir i Vipps i ei pressemelding.

Tala viser at det er 9 prosent færre korttransaksjonar i fysisk handel enn i fjor, men at beløpa er rundt 11 prosent høgare for kvart kjøp. Det meiner Heir betyr at folk handlar sjeldnare, men dyrare.

På nett aukar omsetninga like mykje som talet på kjøp og tek av for fallet i talet på kjøp i dei fysiske butikkane, og vel så det.

Kategoriar som elektronikk, interiør og bokhandel aukar sterkt, noko som kan tyde på mange harde pakkar under treet i år.

Det stemmer med tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at importen av elektronikk som mobiltelefonar og flatskjerm-TV-er auka i september, oktober og november – noko som bruker å gi ein god peikepinn på kva som ligg under juletreet.

Tala frå Vipps og BankAxept passar òg godt med statistikken frå betalingsløysingsleverandøren Klarna, som viser ein salsauke på nett på heile 48 prosent dei to første vekene i desember, samanlikna med same periode i fjor.

(©NPK)