Innføringa av straffegebyr i lakseoppsynet, har ført til færre meldingar for ulovleg fiske samanlikna med tidlegare år.

– Dei siste fem åra har vi sett ein tydeleg nedgang i talet på brot på lakselova, og dette er ein trend som held fram. Spesielt i Troms og Finnmark og Nordland ser vi ein markant nedgang, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Statens naturoppsyn (SNO) har meldt til saman 30 personar for brot på lakse- og innlandsfiskelova i år mot 43 i fjor. SNO har i tillegg gjort 138 inndragingar av ulovlege garn, noko som også er færre enn i fjor.

Miljødirektoratet har i år gitt varsel om 30 straffegebyr for ulovleg fiske. Straffegebyr blir gitt for mindre alvorlege lovbrot som tidlegare har vorte meldt til politiet. Straffegebyra er i hovudsak gitt i Agder, Vestland og Troms og Finnmark, og er frå 3.000 til 12.000 kroner.

Sjølv om talet på politimeldingar og inndragingar har gått ned, avdekkjer SNO fleire lovbrot i forhold til talet på kontrollar enn før. I år førte kvar fjerde kontroll til anten inndraging, straffegebyr eller melding.

SNO held fram lakseoppsynet i åra som kjem, og vil i tillegg setje inn ekstra ressursar i område der omfanget av det ulovlege fisket er høgt, slik som i Vestland.

Innsatsen vil rettast mot både sjølaksefiske og tilsyn med lakseførande vassdrag som er stengt for fiske.

– Dessverre ser vi at det ulovlege fisket i Vestland held fram, trass ein stor innsats frå oppsynet. Dette er spesielt alvorleg fordi det er mange sårbare laksestammar i dette området, seier Hambro.

(©NPK)