Færre flygingar på nokre regionale ruter frå 1. desember

Av

Det blir mellombels færre flygingar på nokre ruter i Lofoten, på Helgeland, i Trøndelag og på Vestlandet frå 1. desember. Ruta Førde-Oslo er blant av dei som blir råka.

DEL

Årsaka er at det blir venta å vere lågare etterspurnad gjennom vintersesongen på grunn av koronasituasjonen, opplyser Samferdselsdepartementet.

Sidan 1. juli har det vore ordinært rutetilbod på dei såkalla FOT-rutene, som er flyruter der styresmaktene etter konkurranse betaler vederlag for at ein operatør skal betene ruta etter fastsette krav.

– Folk reiser mindre enn før, og det er noko som dessverre ser ut til å vare ei stund. Vi ønskjer ikkje å ha tomme fly i lufta, og basert på forslag frå Widerøe har vi konkludert med at reduksjon på nokre strekningar er nødvendig. Desse strekningane vil likevel ha fleire daglege avgangar på kvardagane, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding.

Endringane blir forventa å vare gjennom vintersesongen, med mindre etterspurnadssituasjonen endrar seg.

Rutene som blir ramma, er:

  • – Leknes – Bodø
  • – Svolvær – Bodø
  • – Mo i Rana – Bodø/Trondheim
  • – Sandnessjøen – Rørvik/Trondheim
  • – Rørvik – Sandnessjøen/Trondheim
  • – Førde – Oslo
  • – Sogndal – Oslo
  • – Sandane – Oslo

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken