Regjeringa vurderer å innføre eit obligatorisk småbåtregister i Norge. Sjøfartsdirektoratet har levert ei utgreiing som viser at eit register vil vere positivt for tryggleiken til sjøs, for miljøet og for å overvinne kriminalitet. Regjeringa har difor bede direktoratet om å gå eit skritt vidare og sjå på korleis eit slikt register kan organiserast, og dessutan kostnad og lokalisering.

Den siste rapporten viser at Florø er svært godt eigna for lokalisering av eit småbåtregister.

Det skriv eit samrøystes fylkesutval i ein uttale om småbåtregisteret tysdag. Og dei held fram.

Ideell oppgåve å desentralisere

Ei slik ny eining vil medføre gode arbeidsplassar og vil vere eit flott tilskot til ein by og eit område som har mista mange offentlege arbeidsplassar dei siste tiåra.

Nasjonale politiske føringar om lokalisering av offentlege arbeidsplassar gjer det naturleg å legge registeret utanom dei store byane. Eit småbåtregister har relativt lite behov for nærleik til brukarane/publikum. Arbeidet er i stor grad digitalisert og har difor avgrensa trong for nærleik til sentrale styresmakter.

Fylkesutvalet meiner difor dette må vere ei ideell oppgåve å lokalisere ute i distrikta.

Florø sitt næringsliv er sterkt industrifokusert. Det er difor eit stort behov for denne typen arbeidsplassar for å få ein betre balansert arbeidsmarknad.

Sjøfartsdirektoratet er her allereie

Florø er ein aktiv kystby i ein region med stolte maritime tradisjonar og med høg kompetanse og kultur innan maritim sektor og småbåtliv. Fylkesutvalet trur ikkje rekruttering av naudsynt kompetanse vil vere spesielt utfordrande. Røynslene ved utflytting av statlege einingar til vår region er gode, og viser at det gir etaten meir stabil arbeidskraft og såleis kostnadsmessige innsparingar på sikt (ref. Norec og Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde).

Bu- og arbeidsmarknaden til Florø (innan 1 time reisetid) er på ca. 50.000 personar.

Florø er ein småby med svært god infrastruktur og gode kommunikasjonar (flyruter og båtruter)

Sjøfartsdirektoratet er allereie etablert i Florø med ein stab og infrastruktur. Dei har godt eigna lokale som enkelt kan utvidast, midt i byen og berre nokre meter frå sjøkanten. Tilsynskompetansen finst allereie i Sjøfartsdirektoratet sin stab i Florø og skipsregisteret ligg frå før i Bergen i same fylke. Mellom Florø og Bergen er det god kommunikasjon med både fly og ekspressbåt.

På bakgrunn av dette meiner fylkesutvalet at Florø er ei svært god lokalisering for nytt småbåtregister.

Glad for støtte

Ordførar Ola Teigen (Ap) gir skryt til partifelle Arve Helle for at han har sikra støtte frå alle partia i utvalet til eit slik vedtak.

– Eg er svært glad for at heile Vestland fylkeskommune står bak Florø og Kinn kommune om at Småbåtregisteret må etablerast i Florø. Denne er ei solid støtte i det vidare arbeidet for å få lokalisert ein slik viktig statleg funksjon.

Han er klar på kva som no blir det neste steget i kampen for å få eit småbåtregister til Florø.

– No er det neste å overtyde Fiskeministeren!