FIRDA: Natta starta med ei typisk melding for ein sein laurdag.

Naboar i Florø hadde meldt inn støy frå fest få ei privatadresse. Festdeltakarane skal ha vore både inne og utanfor bustaden, og den høge musikken vart for mykje for dei som budde rundt.

Klokka 23:30 reiste politiet til festen for å be dei om å skru av musikken.

Derifrå eskalerte natta.

Gav seg ikkje

Godt over ein time etter at politiet hadde vore på festen i Florø, måtte dei tilbake. Festen var nemleg godt i gang igjen, trass beskjeden om å avslutte.

– Denne gong gav patruljen pålegg om å ikkje spele musikk før klokka 08.00 søndag, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Festdeltakarane skjønte alvoret, og naboane slapp å ringe politiet ein tredje gong.

Bad om nattmat og taxi

Kort tid seinare, klokka 02:07, kom ei ny melding til operasjonssentralen.

Nokon hadde sett ein mann ligge å sove utanfor Sparebanken Vest i Førde sentrum. Patruljen reiste til staden, for å sjå til vedkommande.

Knappen fortel at mannen skal vere i 20-åra. Sjølv om betjentane måtte bruke litt tid på vekke mannen, skal han ha hatt det greitt når han først vakna.

– Tilstanden var grei, og det var ikkje behov for tilsyn frå helse. Han var litt full og forklarte at han berre hadde lagt seg for å sove litt, seier operasjonsleiaren.

Mannen ville kjøpe seg nattmat og ta taxi heim.

– Det fekk han sjølvsagt lov til.

Mykje uro i Førde

Etter to heller uskuldige meldingar, vart kveldens første slagsmål meldt inn, då klokka begynte å nærme seg 03.00.

Patruljen fekk melding om at to menn i 20-åra hadde begynt å slost og skape kvalme i Førde sentrum. Då dei kom fram, fekk dei roa ned situasjonen.

Mennene skal ha god kjennskap til kvarandre frå før, og hevda at dei hadde krangla, men ikkje slost. Etter at betjentane hadde tatt ein prat med dei, skal stemninga ha vorte god.

Det same kan ikkje seiast om personane involvert i slåstkampen som vart meldt inn ein halv time seinare.

– Ein person skal ha dytta ein annan, slik han har slått seg i hovudet, fortel Knappen.

Situasjonen var uoversiktleg, og dei tilsette i politiet måtte bruke tid på å finne ut kva som har skjedd.

– Her kan vi vente oss at saka blir meldt i etterkant, seier operasjonsleiaren.

Mistenkeleg kvitt pulver

Lenger nord, i Stryn, fekk patruljen ei litt meir uvanleg melding.

Nokre ungdommar hadde funne ein pose med kvitt pulver. Denne helga er det motorfestival i bygda, og mange folk har samla seg.

Ungdommane valde å levere inn posen med det dei trudde var kokain til politiet. Knappen fortel at politiet snakka med dei som hadde funne posen, og at dei undersøkte innhaldet nærmare.

– Det var ikkje narkotika i posen. Politiet følger derfor ikkje opp saka, seier ho.