Gå til sidens hovedinnhold

Fann knust motorsykkel, men ingen førar

Politiet fekk melding søndag kveld klokka 20, om at nokon hadde funne ein øydelagd motorsykkel langs ein veg i Bremanger.

Det skriv NRK Vestland.

Føraren av motorsykkelen var derimot ingen plass å sjå, men politiet fekk kontakt med mannen. Han var uskadd og hadde kontakta forsikringsselskapet sitt.

Operasjonsleiar i politiet, Per Algrøy seier til NRK at det truleg ikkje blir gjort noko meir med saka frå deira sida, men at det hadde vore gunstig om føraren av motorsykkelen hadde tatt ein telefon til politiet også.

Kommentarer til denne saken