(Firda): Onsdag ettermiddag vart det sendt ei bekymringsmelding til AMK, etter at ein eldre mann har blitt borte etter at han skulle inspisere ein brønn i Bremanger. Meldinga vart sendt frå den eldre mannens familie.

Bekymringsmeldinga kom 17.36 onsdag, og familien er uroa for at noko har hendt med den eldre mannen.

Naudetatane er no sendt til staden.

Teken hand om av helsepersonell

Mannen er no funnen i nærlieken av heimen. Han vart funnen klokka 17.59.

Den eldre mannen skal vere bevisst, men har smerter i ein finger og i ryggen. Mannen vert teken hand om av helsepersonell, melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Politiet og redningshelikopter avsluttar no på staden.