Flora er utan jordmorvakt i tre veker

Nyfødd gutebaby. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / SCANPIX (FRB)

Nyfødd gutebaby. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / SCANPIX (FRB) Foto:

FLORØ: Frå denne veka og fram til 5. august er Flora kommune utan jordmorvakt.

DEL

På grunn av ferieavvikling og kommunale innsparingar er kommunen utan jordmorvakt dei kommande tre vekene.

– Vakttelefon for jordmor er overført til fødeavdelinga ved Helse Førde frå og med måndag 15.07.19 kl. 08:00 til og med måndag den 05.08.19 kl. 08:00, skriv Flora.kommune.no.

- Vakttelefon til jordmorvakta er som før tlf. 41 63 51 17, skriv kommunen vidare.

I veke 29, 30 og 31 får gravide og fødande då hjelp frå Helse Førde og sentralsjukehuset om dei treng oppfølging.

Jacob Nødseth (V) tok opp dette i formannskapet i juni, etter å ha fått tips om at dette kom til å skje.

Då stadfesta rådmann Knut Broberg at ein blir utan lokal vakt i tre veker.

– I ferien lar vi Førde betene vakta. Vi er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, vi har utfordringar med meirforbruk, reservar blir brukt opp og vi må gjere naudsynte tiltak. Ein må hugse at jordmorvakta eigentleg er spesialisthelsetenesta sitt ansvar, og vi vurderer det som forsvarleg å la Førde ta dette i ferietida, sa Broberg til politikarane i juni.

100 prosent overtid

Jacob Nødseth var langt frå nøgd med dette svaret. Han minna om bystyrevedtaket i fjor, der ein vedtok at ein skulle ha lokal jordmorvakt, og han stilte spørsmål ved vurderingane til administrasjonen i å gå imot eit bystyrevedtak.

– Vi respekterer bystyret sitt vedtak om at vakta skal haldast oppe, men dette er ikkje varig, berre i ferien, understreka rådmannen.

Han informerte om at viss jordmorvakta likevel skulle haldast oppe i desse tre ferievekene, så måtte det då utførast på overtid, av dei fast tilsette jordmødrene, i deira ferieperiode.

– Då blir det overtidsbetaling, 100 prosent i ein månad, og kostnaden har vi ikkje oversikt over per i dag, sa Broberg

Stor debatt i fjor

I desember var det stort engasjement rundt framtida til jordmorvakta, etter at rådmannen føreslo å kutte den. Den har stått på kuttlista i fleire år, med grunn i at det er Helse Førde sitt ansvar.
Men vakta har i fleire rundar blitt redda etter lokalt engasjement.

Artikkeltags