Investerer 80 mill. i Ewos

SPESIALFÔR: Fabrikkdirektør Rune Ryland og Ewos i Florø lever med tøff konkurranse og skipar ut store mengder spesialfôr. Foto: Arve Solbakken

SPESIALFÔR: Fabrikkdirektør Rune Ryland og Ewos i Florø lever med tøff konkurranse og skipar ut store mengder spesialfôr. Foto: Arve Solbakken Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Eigaren Cargill Aqua Nutrition investerer 80 millionar for å auke kapasiteten ved Ewos i Florø.

DEL

– Vi ser at kundane våre satsar på utbygging av nye anlegg, og det blir auka behov for settefisk-fôr. Denne veksten vil vi gjerne vere med på og aukar derfor kapasiteten vår ved Florø-fabrikken, seier produktsjef for settefiskfôr i Cargill Aqua Nutrition, Tor Egil Skaar.

Han viser til at dei brukar store ressursar på forsking og utvikling og har registrert at Ewos-fôret har gitt god vekst både i forsøk og hos kundar.

Ein annen positiv effekt av endringane, er at den vil frigje kapasitet til produksjon av medisinfôr.

– Vi vil vere i stand til å levere medisinfôr raskare i høgsesongen, seier produktsjef for medisinfôr i Cargill Aqua Nutrition, Kristin Almås.

Cargill investerer totalt 80 MNOK og første trinn skal etter planen vere ferdig i midten av august. Det andre blir seinare på hausten.

Cargill Animal Nutrition

EWOS blei kjøpt opp av Cargill i 2015 og er no integrert i Cargill Animal Nutrition som Cargill Aqua Nutrition, som representerer merkevara EWOS.

Cargill driv med dyreernæring og har over 20 000 tilsette på meir enn 275 anlegg i 40 land.

Artikkeltags