Evoy utviklar 150 hk elektrisk påhengs

FLORØ: No kjem dei med den første utanbordsmotoren, der utviklinga er støtta med 1,8 millionar frå Innovasjon Norge.

DEL

I år fokuserer Evoy på proffmarknaden mellom 20 til 40 fot med innanbords framdrift som kan koplast mot drev, vannjet eller aksel. No kjem dei med den første utanbordsmotoren, der utviklinga er støtta med 1,8 millionar frå Innovasjon Norge.

Målet er at motoren skal vere ferdig testa og klar til marknaden i første kvartal 2021.

- Vi har hatt veldig mange spørsmål om ikkje vi kan levere utanbords, spesielt frå Polar Cruise-segmentet. Hurtigruten var tidleg ute og meldte sin interesse, og lurte på om vi kunne levere 30 av dei våren 2020. Vi likar utfordringar, men akkurat det blei litt for knapt for oss, seier ein blid dagleg leiar og gründer Leif A. Stavøstrand.

Verdspremiere i Florø

Prototypen – som ikkje er køyrbar enda – skulle visast på Sjøen for Alle på Lillestrøm frå 18. til 22. mars, men sidan messa er kansellert blir verdspremieren i Florø ved ein seinare dato. Prototypen er basert på ein 90 hk stamme og kraftigare underhus, og vil med elektrisk drift kunne yte tilsvarande ein 150 hk med bensin.

Testinga i løpet av sommaren og hausten 2020 vil gi endelege svar på yting og rekkevidd.

– Hurtigruten har som mål å operere heilt utsleppsfritt. Vi skal vere ei fyrlykt som viser veg mot ei berekraftig turistnæring og då er det ingenting som er meir naturleg enn å bruke elektrisk drift, også på våre mindre båtar.

Førebels har ikkje teknologien vore moden, men vi har trua på at Evoy kan løyse dette saman med oss og Frydenbø. Vi gler oss til å komme i gang og sjå korleis dette fungerer i forhold til våre kundar, bruksmønster og temperaturar, seier ein entusiastisk Karin Strand, Vice President Expedition i Hurtigruten.

Hurtigruten sin unike arv, kombinert med svært dyktig mannskap og små ekspedisjonsskip, gjer at dei kan tilby spennande og naturbaserte opplevingar i verdas mest avsidesliggande område. Med 15 skip er Hurtigruten verdas største og mest allsidige leverandør av aktive reiser i verdas polare område.

Spesialdesigna for Zodiac

Utanbordsmotoren er spesialdesignet for å passe på Zodiac Milpro MARK 5, og vil til denne yte 115 hk.

Denne båten er bransjestandard for Exploration Cruise i Arktiske strøk. Båten vert levert frå Frydenbø Milpro.

– Exploration Cruise-næringa har lenge etterspurt ei løysing med elektrisk drift. Vi har stor tru på prosjektet og ser at det fort kan bli betydelege volum når testinga viser at dette «held vatn». Frydenbø Milpro synest det er spennande å ta del i ein slik utvikling og vi vil gjere vårt for at dette skal lukkast, seier ein positiv Trond Underhaug, dagleg leiar i Frydenbø Milpro.

Frydenbø Milpro er ein del av Frydenbø Marine, eigd av det bergensbaserte familiekonsernet Frydenbø Group – med 550 tilsette og ein omsetnad på i 2,9 mrd. kr i 2018. Delkonsernet Frydenbø Marine distribuerer varemerkene Evinrude, Sting og Zodiac til forhandlarar i Norge, Sverige, Finland og Danmark.

Frydenbø Marine er majoritetseigar i Nordkapp Boats i Sarpsborg og Mirage Boats i Polen. Selskapet Frydenbø Milpro blei etablert som eige selskap i 2015 og har spesialisert seg på oppblåsbare båtar og RIB`ar for profesjonell og militær bruk.




Artikkeltags