Evoy og Sogn og Fjordane Energi inngår klima-partnarskap

Evoy og SFE blir «klimapartnarar», og lovar med det å forankre klimaarbeidet i drifta av verksemdene sine, med eige klimarekneskap, miljøsertifisering og miljøstyring.

DEL

Klimapartnere tar mål av seg å være Noregs viktigaste partnarskap for klimagassreduksjon og grøn forretningsutvikling, med over 200 partnerar i heile landet. Klimapartnere Vestland får no sine første nordlege partnarar, skriv dei i ei pressemelding.

Koronasituasjonen gjorde at etableringa av Klimapartner Vestland i den nordlege delen av fylket måtte utsettast. No har likevel partnarskapet fått sine to fyrste nordlege partnarar; Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Evoy.

- Det var tøft å måtte utsette oppstarten som følge av koronasituasjonen. Då er det desto meir gledeleg at Evoy som er eit stjerneeksempel på grøn forretningsutvikling og kraftlokomotivet SFE er så klare på at dei vil vere med. Det er svært gledeleg at Evoy og SFE blir med allereie no, seier avdelingsleiar i Klimapartnere Vestland nord, Truls-Einar Johnsen.

Samarbeid SFE og Evoy

- Då vi vart Miljøfyrtårn-sertifiserte i 2008 innførte vi ei rekke miljøretta tiltak i SFE. Vi bytta ut delar av bilparken med elbilar, vi fekk video-konferranseutstyr for å minimere reiseverksemd, starta med sortering av avfall og vi investerte i eit fjordvarmeanlegg ved hovudkontoret vårt på Sandane. Den gangen var vi tidleg ute, men no har det gått nokre år og vi ønskjer å kome oss vidare med å jobbe strategisk med nye klimatiltak, få ting i system og ikkje minst bli flinkare til å synleggjere klimaarbeidet vårt. Klimapartnere er den perfekte partnar i dette arbeidet, seier Dag Einar Gule, som jobbar med miljøprosjekt i SFE.

Han legg til at det er kjekt å ta dette steget i lag med Evoy, som dei allereie har eit klimaretta samarbeid med om etablering av hurtigladarar for elbåt.

- Vi har tru på at arbeidet Klimapartnere gjer vil vere med på å redusere utslepp. Ved å jobbe systematisk, målretta og talfeste utsleppa ein har, -er det enklare å identifisere dei viktigaste fokusområda. Gjennom dette kan vi motivere tilsette til stå på for å redusere verksemda sitt fotavtrykk så mykje som mogleg, seier dagleg leiar i Evoy, Leif Stavøstrand.

Avdelingskontor i Florø

Klimapartnere Vestland vart etablert i 2014 og har sidan blitt eit partnerskap med nesten 50 partnarar. I november 2019 starta arbeidet med å utvide nettverket i nord frå avdelingskontoret i Florø.

Dei nye partnarane får no tilbod om å hekte seg på det som skjer i det eksisterande partnarskapet i sør. Når den nordlege delen er oppe og går for fullt blir det også lagt opp til aktivitetar i nord. Sjølv om koronasituasjonen stogga den nordlege oppstarten, er Johnsen optimist føre hausten som kjem.

- Det er mange som har vist stor interesse for etableringa av Klimapartnere her. No har vi fått på plass vore to fyrste partnarar, og det kjem nok fleire i løpet av våren og sommaren. Så må vi ha tolmod og forståing for at fleire verksemder er i ei krevjande situasjon no, men med den omstillingsevna og -viljen som er i regionen her er eg trygg på at vi får ein slagkraftig gjeng på plass i haust, seier Johnsen.

Klimapartnere Vestland

Klimapartnere tar mål av seg å være Noregs viktigaste partnarskap for klimagassreduksjon og grøn forretningsutvikling. Visjonen er at Noreg skal levere på 1,5 graders målet. Klimapartnere har partnarskap i heile landet, og kvar region er eigd og forankra gjennom sine respektive fylkeskommunar.

Totalt er over 200 verksemder i både offentleg og privat sektor Klimapartnere i dag.
Alle partnarar forpliktar seg gjennom partneravtalen til; å forankre klimaarbeidet hjå toppleiinga, føre årleg klimaregnskap, innføre systematisk miljøstyring, miljøsertifisere seg innan rimeleg tid og betale årleg avgift for drift av partnerskapen.
I tillegg vert alle utfordra om å bli fossilfri innan 2030 og etablere minst eit grønt spydspissprosjekt.

Klimapartnere Vestland starta opp sommaren 2014 og har sida den gong vore leia av Helene Frihammer. I vår starta arbeidet med å etablere ein nordleg del av partnarskapet, med eigen avdelingsleiar i Florø. I løpet av hausten 2020 er planen å både halde oppstartsmøte i nord og signere nye partnar høgtidleg inn Klimapartnere Vestland på felles leiarmøte. Det er svært gledeleg at Evoy og SFE blir med allereie no.



Artikkeltags