Evoy får 45 mill. kr i støtte frå EU

Leif Stavøstrand og båten Evoy1 tok ny verdsrekord for båt med elektrisk framdrift. - Dete var raskare enn eg hadde rekna med, seier han etter at rekorden var eit faktum.

Leif Stavøstrand og båten Evoy1 tok ny verdsrekord for båt med elektrisk framdrift. - Dete var raskare enn eg hadde rekna med, seier han etter at rekorden var eit faktum.

FLORØ- Vi er svært stolte og audmjuke over å ha blitt valt ut blant dei leiande grøne oppstartsselskapa i Europa. Det viser at vi er på rett kurs, seier gründer og dagleg leiar, Leif A. Stavøstrand.

DEL

Dei får ca. 45 millionar i støtte frå EU sitt EIC Accelerator-program.

Innovasjon Norge har vore ein viktig støttespelar for å lykkast med søknaden og intervjuet i Brussel, saman med Nordic Innovators. Lokalt har Aksello bidrege sterkt til å kunne lykkast.

Evoy får konkret tilbod om 2,3 millionar euro i støtte og ca. 2,1 millionar euro til emisjon, til saman over 45 millionar kroner.

– Dette er ein milepæl av dimensjonar for oss og med dette har Evoy passert 75 millionar kronerr frå investorar og i utviklingsstøtte. VI skal bruke momentet vi har og bygge vidare på kompetansen og teknologien som vi allereie har for å få produkta våre ut i verda. Vi skal rote det kraftig til for ikkje å nå våre mål om eit disruptivt maritimt produkt for den globale marknaden no,, seier Leif Stavøstrand.

Leif Stavøstrand i Evoy.

Leif Stavøstrand i Evoy. Foto:

Evoy utviklar og leverer nøkkelferdige plug-and-play heilelektriske system til nye og eksisterande båtar. Sidan i fjor sommar har Evoy1 – ein Polarcirkel 860 – blitt brukt til utstrekt testing og optimalisering av generasjon 1 av systemet som Evoy begynner å levere til kundar i haust. Evoy1 blei døypt av Erna Solberg og tok uoffisiell verdsrekord for serieproduserte elbåtar med 55 knop hausten 2019.



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken