Vurderer å sette opp sykkelsluse

Vigdis Lobenz

Vigdis Lobenz Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Så snart det er klart set Vegvesenet opp intensivbelysning og kanskje ei sykkelsluse ved gangfeltet.

DEL

– Statens vegvesen har fokus på situasjonen i akkurat dette gangfeltet.
Det seier seksjonsleiar Vigdis Lobenz i vegvesenet etter ulykka onsdag, der ei 28 år gammal kvinne vart alvorleg skadd.

Vegvesenet hadde ei trafikktryggleiksinspeksjon ved gangfeltet i 2013, og har sidan då gjennomført nokre tiltak, mellom anna har dei flytta busslomma.
– Det som manglar er intensivbelysning av gangfeltet. Vi vil sette opp eit slikt armatur så snart som mogleg, seier Lobenz.
Erfaringar vegvesenet har gjort seg viser at intensivbelysning med eit lågare armatur og sterkare direkte lys enn vanleg er eit gunstig trafikktryggingstiltak som gjer at bilistane blir meir merksam på folk som skal krysse vegen. Vegvesenet vurderer også fleire tiltak på ulykkespunktet.

– Det kan sjå ut som om ein del av ulykkene i gangfeltet er kryssingar av syklande. Difor vurderer vi også å sette opp ei sykkelsluse med to halvbommar. Denne gjer at syklistane må stoppe opp og gå over gangfeltet, seier ho.
Men det å flytte gangfeltet er ikkje ein god idé, meiner Lobenz.
– Det er veldig vanskeleg. Gangfelta må vere i dei områda der det er naturleg for folk å krysse vegen. Gangfelta må vere i den naturlege ganglinja. Blir det omvegar lagar folk seg snarvegar over vegen, seier ho.
Ho strekar også under at det er viktig at gåande og syklande bruker refleks og lys, slik at dei er godt synleg for dei køyrande.

Artikkeltags